onsdag, oktober 27, 2004

Oppgv: Eit moderne eventyr på ditt sidemål - skal levere det på fredag, så hvis noen har noe å rette på, evt komme med en bedre overskrift eller navn på Draumejenta blir jeg superglad ;)

DRAUMEJENTA SOM INGEN KUNNE NÅ

Det var ein gong ei jente som var så god og grei, ven og vakker. Dei kalla henne berre Draumejenta, for ho var så god at ingen riktig kunne tru ho kunne vera sann. Ho var den vakraste og mest populære jenta på skulen, ho hadde dei kulaste kleda og dei kulaste venane. Ho var flink på skulen og var godt likt av alle. Ho hadde alt ho kunne ynskja seg. Likevel var ho ikkje nøgd. Det var noko som mangla, nemleg ein ho kunne dela livet sitt med, ein snill og god kjæraste. Det var ikkje det at der ikkje var nok interesserte, men ho var så kresen, at ho likte ingen av dei.

Ein dag då Draumejenta sat og tasta på hennar nye berbare ibook macintosh, fekk ho ein glimrande idé. Ho ville leggja ut eit bilete av seg sjølv på ”deiligst.no”. Då kunne gutar frå heile verda sjå henne, og ein av desse måtte vel vera draumeprinsen ho lengta etter.

Om ikkje ho fann draumeprinsen, var det i alle fall mange gutar der ute i verda som tykte ho var draumeprinsessa deira. Ryktet om Draumejenta spreidde seg ut til alle unge gutar, og alle som ein ville dei ha henne. Ho fekk e-post på e-post og måtte laga ei eiga gruppe på msn-en der ho la alle dei tusen beundrarane som kontakta henne. Men ingen av dei interesserte henne. Etter kvart som ho fekk fleire og fleire e-postar, oppdaga ho at mange av e-postane var like. Det var ikkje personlege e-postar ho hadde fått. Gutane hadde nemleg tykt at Draumejenta var så fantastisk, at dei aldri kunne skriva noko sjølv som var verdig nok for henne. Derfor sendte dei henne berre e-postar med vakre kjærleiksdikt og søte kjedebrev dei hadde funne på Internett.

Langt, langt vekke sat tre gutar og spelte data. Den eine av gutane var den fornuftigaste av dei tre, han var og den smartaste. Dei kalla han Mac’rn fordi han hadde macintosh i staden for pc. Dei to andre var dei rake motsetningane til Mac’rn. Dei var pc-gutar, og den einaste grunnen til at dei var saman med Mac’rn var fordi dei trengde vettet hans når dei skulle kopla saman maskinane.

Som alle andre gutar i verden, hadde også dei to pc-gutane høyrt om denne fantastiske draumejenta. Dei hadde sete og spelt data både lenge og vel, natt og dag, og nå byrja dei å verta trøytte av både skyting og strategi. No var det på tida at også dei sjekka ut denne Draumejenta på ”deiligst.no”. Pc-gutane likte kva dei såg, ja dei likte så godt denne venleiken at også dei måtte prøva lukka å få henne. Mac’rn vart nysgjerrig på kva dei to pc-gutane dreiv på med, og måtte også han bort for å sjå på Draumejenta. Andletet hans fekk eit drøymande utrykk. Han visste umiddelbart at ho var den rette jenta for han. Dei to pc-gutane lo når dei såg han. ”LOL,” sa dei. ”Trur du verkeleg at du har sjanse på ho der? Du som bare har ein dårleg macintosh? Nei her må det pc-gutar til!” Mac’rn brydde seg lite om kva dei sa. ”Eg vil no prøva eg òg,” sa han, og så sat dei seg ned framfor kvar sin datamaskin for å prøva å vinna Draumejenta.

Den fyrste pc-guten ville finna noko heilt spesielt å gje til Draumejenta. Han ville sende henne eit vakkert kjærleiksdikt. Men det kunne ikkje berre vera noko vas han laga sjølve, det måtte vera noko verkeleg profesjonelt. Derfor leita han på Internett for å finna eit riktig så vent dikt, eit dikt som var like vent som draumejenta sjølv. Til slutt fann han det han leita etter, og han sendte det på e-post til Draumejenta. Han var riktig så fornøgd med seg sjølv, for vakrare ord enn det han hadde funne hadde han aldri høyrt. No måtte Draumejenta falle for han. Men det varte og rakk, og pc-guten høyrde ingenting frå draumejenta.

Då var det den andre pc-guten sin tur til å prøva seg på draumejenta. Også han ville senda henne noko heilt spesielt, men han ville ikkje senda nokon sparsame ord. Han ville heller prøva seg med eit bilete. Eit bilete seier tross alt meir enn tusen ord. Men sjølv var han ikkje verdig til å ta eit bilete til draumejenta, aldri kunne han skapa noko som var vent nok for ein venleik som ho. Han måtte finna noko riktig profesjonelt. Derfor måtte også han leita på Internett. Til slutt fann han eit nydeleg bilete som han sendte til Draumejenta. Han var riktig så fornøgd med seg sjølv, for vakrare bilete enn det han hadde funne hadde han aldri sett. Men det varte og rakk og heller ikkje den andre pc-guten høyrde noko frå Draumejenta.

Då var det at Mac’rn ville prøva seg. Dei to pc-gutane lo og lo. Korleis skulle ein som han nokon gong ha sjansen på Draumejenta? ”De kan då ikkje nekta meg og prøva,” sa Mac’rn. Nei, det kunne dei jo ikkje, så han fekk berre prøva seg. Mac’rn opna skriveprogrammet og byrja å skriva. Dei to pc-gutane lo enno meir av han. ”Når ikkje ein gong dei vakraste dikt, skrive av dei beste diktare, kan imponera Draumejenta, trur du verkeleg at du kan skriva noko så fint at det er godt nok for Draumejenta?” sa den fyrste pc-guten til han og lo. Men Mac’rn brydde seg ikkje om kva dei to andre sa til han. Han ville skriva eit personleg brev til Draumejenta. Var han ikkje god nok for henne som seg sjølv, fekk det berre vera. Han sendte e-posten og fekk straks svar att av Draumejenta. Ho hadde likt kva han skreiv, men ho var enno ikkje heilt overtydd.

Men Mac’rn ville ikkje gje seg enno. No tok han digitalkameraet sitt og gjekk ut for å ta eit vakkert bilete. Igjen byrja dei to pc-gutane å le av han. ”Når ikkje ein gong dei vakraste bilete, tatt av dei beste fotografar, kan imponera draumejenta, trur du verkeleg at du kan ta eit bilete som er så fint at det er godt nok for draumejenta?” sa den andre pc-guten til han og lo. Men Mac’rn brydde seg ikkje om kva dei to andre sa til han. Han ville ta eit personleg bilete til Draumejenta. Var han ikkje god nok for henne som seg sjølv, fekk det berre vera. Han sendte biletet og fekk straks svar att av Draumejenta. Ho hadde likt både det han skreiv og bilete, men enno var ho ikkje heilt overtydd.

Då lo dei to pc-gutane godt av han. To gonger hadde han fått avslag frå Draumejenta. Då var det nesten betre å ikkje få svar i det heile tatt. Men Mac’rn ville ikkje gje seg enno. Han forstod plutseleg at det ikkje var nok å bare sitja framfor macintoshen og tasta på nokon knappar for å vinna hans store kjærleik. Han måtte reisa til henne personleg . Han måtte møta henne i røynda, ikkje berre gjennom nettet. ”Eg reiser for å vitja henne!” sa han til dei to pc-gutane. Dei to stoppa å le. Dei rista på hovudet. Kven ville vel ha Mac’rn, stygg som han var, med firkanta mac-auge og krokete kabel-fingre. I alle fall ikkje draumejenta! Men Mac’rn var ikkje til å rokka. Han skulle ha sin store kjærleik om det så vart det siste han gjorde. ”Far vel då,” sa dei to pc-gutane medan Mac’rn gjekk.

Det var langt til der Draumejenta budde. Mac’rn måtte både ta buss og bil, båt og fly, tog og taxi før han endeleg kom til henne. Han ringde på, og døra vart opna av den vakraste skapningen han nokon gong hadde sett. Draumejenta var enno vakrare i røynda enn ho var på bilete på ”deiligst.no”. Mac’rn blei berre ståande og måpa, og dei firkanta mac-auga blei berre større enn dei pleidde å vera. ”Kven er du?” spurde draumejenta. ”Det er eg som har sendt deg e-post og bilete, men det skal du berre gløyma. For korleis kan eg leva samen med deg viss eg ikkje får møta deg i røynda? Eg har reist lenger enn langt, og eg har kome for å bli. For aldri kan eg leva utan deg, og aldri kan eg leva med deg berre gjennom Internett. Eg må leva med deg her og no, og aldri meir enn ein meter frå deg,” svara Mac’rn. Endeleg var Draumeprinsessa overtyda. Dei gifta seg, og viss ingen av dei har byta ut macintoshen med ein pc, lever dei enno lykkeleg i saman.


5 kommentarer:

Anonym sa...

Denne meldingen kommer fra en fast anonym person som har vært inne på denne siden, nesten daglig i et par måneder!!! :o)

Så litt på eventyret, men hadde ikke tid til å lese alt. La merke til at du kanskje brukte "ho" alt for mye i det første avsnittet!

Anonym sa...

Enda en ting til! hehe. Denne setningen er litt rar:

Langt, langt vekke sat tre gutar og spelte data. Den eine av gutane var den fornuftigaste av dei tre, han var og den smartaste.

spesielt denne:
"Den eine av gutane var den fornuftigaste av dei tre, han var og den smartaste. "

hva med: Den smarteste og mest forunftige av guttene..... bla bla

Eli sa...

Tusen takk for tilbakemelding. Skal se om jeg kan få rettet på det. Men det hadde våre enda bedre hvis du fatkisk sa hvem du var...nå kommer mitt nysgjerrige sinn til å gå i spinn (oisann, både bokstavrim og enderim der ja ;) for å finne ut hvem du er. Men det er vel noe som hører med på å legge tankene sine ut på nettet for den store verden. Det er like vel en semule skummelt. Har faktisk tenkt litt på det i det siste, hvem leser egentlig bloggen min? Har ofte ønsket meg en slik en teller, men jeg er ikke sikker på om jeg tørr. Kanksje det av og til er best og bare ikke vite hvem som leser her... mange ganger får jeg kommentarer om bloggen min utenfra av folk jeg iallefall ikke trodde leste bloggen min...

Anonym sa...

Da lar jeg deg fortsette med å være nysgjerrig ;)
Kan forresten si at jeg ikke kjenner deg personlig, men vet godt hvem du er. Mange venner av meg leser også bloggen din:)

Eli sa...

jaja, hvis du gjer meg et sånn et lide hint kver gång, kan du jo ver at eg t slutt finne udav kem du :P